Skip to main content

Sesongen går mot slutten

| Stine Solberg

Vi er på slutten av fulldriftsesongen no. Mange har fått bra med hopp, vi er varme i trøya og ting begynner å gå meir på autopilot enn på full konsentrasjon. Og det er nettopp no vi må stoppe opp litt. For komfort er fint, men det kan og lure oss til å bli uforsiktige.

sikkerhet
Foto: Morgan Mackay.

Hugsar du korleis starten av sesongen var? Du trippelsjekka utstyret, stilte deg sjølv spørsmål du eigentleg kunne svaret på og var så fokusert at du kunne høyre din eigen puls. No derimot, går utstyrssjekken raskare, pulsen er mykje lågare og du tenkjer ikkje like mykje over dei små vala.

Men tryggleik i fallskjermhopping handlar om dei små vala. Det handlar om å vere fokusert og ha gode vanar. Hugs at sjølv om du er varm i trøya og komfortabel, må du hugse å tenkje over kva du ville gjort dersom det oppstår ein naudsituasjon i flyet. Du må hugse å sjekke utstyret ditt, og gjerne ta ein kikk på utstyret til andre i flyet og. Hugs at du må ha fritt luftrom der du flyr, både i fritt fall og i skjerm. Hugs på kva som er harddeck for å trekke reserve, og tenk over landingsprioritetane.

Dette er ikkje ei oppmoding om å bli nervøs igjen. Vi må berre ta vare på litt av den innstillinga vi hadde på starten av sesongen, den kjensla av at alt skulle sjekkast og at ingenting måtte takast for gitt.

Vi veit korleis det kjennest når noko går gale. Og ofte kunne det vore unngått.

No som haustfargane byrjar å snike seg inn, lufta blir kald og krisp, og du framleis har nokre hopp igjen å gjere: Ta det litt rolegare. Ver nøye. Ver fokusert. Ikkje la erfaring bli ei kvilepute. La oss alle gjere vår del for å halde det trygt, heilt til siste hopp for sesongen.