Skip to main content

NM i vindtunnelflyging 2026

God stemning og tett konkurranse hjå VossVind.

konkurranser, nm2026

God stemning og tett konkurranse hjå VossVind.

Det var fullt hus hjå VossVind under årets NM i vindtunnelflyging. 51 lag og rundt 100 deltakarar var i vinden, og inkluderte flygarar som har vore med sidan oppstarten av vindtunnelkonkurransar til utøvarar som deltok i sitt aller første meisterskap.

Det vart konkurrert i Nybegynnar FS2, FS4 Intermediate, FS4 Open, VFS2, VFS4 Open, Freefly Intermediate, Freestyle Intermediate og D2W.

DSC 7962Det var ikkje berre blant deltakarane det var godt humør. Publikum bidrog og til å løfte stemninga i tunnelen. Foto: Helena Canzler.

- Motiverte konkurrentar, god konkurranseånd, glade og hyggelege deltakarar. Ei blanding av godt trente lag med ulike ferdigheitsnivå, ulike aldrar og ulike klubbar, og alle konkurrerer saman med same lidenskap, fortel Delphine Huet frå VossVind.

Med så mange disiplinar vart det ei travel helg for dommarane og dei som arbeidde med å få konkurransen til å gå rundt. Arrangøren vurderer difor endringar.

- Vi vurderer livedømming for FS2 og FS4 Intermediate neste gong, for å redusere belastninga på videodømminga og for å få raskare resultat, forklarer Delphine.

Det blir og arbeidd med å utvide konkurransen til tre dagar for å få meir rom i programmet.

FS2: Stabil flyging frå Tønsberg og Voss FHS

I Nybegynnar FS2 stilte 14 lag, mange av dei frå Voss Folkehøgskule Luftsportslag. Gullet endte hjå Tønsberg-laget Flightmode. Ludvig Øisang, Andrea Eek-Jensen og Storm Christian Karlsen Brager tok 210 poeng og eit snitt på 35 poeng per runde.

- Dei heldt eit utruleg høgt snitt, og når ein ser på dei enkelte rundane, er det morosamt at det i prinsippet var akkurat same tempo og nivå uavhengig av kven som flaug saman, fortel Christian Eek-Jensen, Andreas pappa.

Laget er ein del av Tønsberg Fallskjermklubb si satsing, FS-ung.

Sølvet gjekk til Karibien, medan Emy & Flippern tok bronse etter ein tett kamp om tredjeplassen.

DSC 8432Flightmode sikra gullet i Nybegynnar FS2. Foto: Helena Canzler.

FS4 Intermediate: Jamt heilt til slutt

13 lag stilte i FS4 Intermediate, og kampen om medaljane vart tett mellom dei tre topplaga. Winx frå Tønsberg Fallskjermklubb tok til slutt gullet framfor Vertigo og TøFSK i Trynet.

Laget, som består av Camilla Marnor, Ane Seljelid, Cecilie Natalie Hammer og Ylva-Jacobine Haug, skildrar konkurransen som jamn frå start til slutt, men fortel at dei var flinke til å fokusere på seg sjølve og sine eigne rundar.

- For tre av fire på laget var dette første innandørskonkurranse, så vi var usikre på korleis vi ville takle det, fortel laget.

Winx seier vidare at dei er nøgde med at dei klarte å prestere under press.

- Det lugga litt i runde to, og då miste vi og leiinga. Men vi klarte heldigvis å nullstille og gå inn i dei neste rundane med nytt fokus.

3winxnminne26sWinx tok gullet i FS4 Intermediate etter ein jamn konkurranse. Foto: Privat.

FS4 Open: Thyra tok etterlengta gull

I FS4 Open stilte fem lag, i tillegg til gjestelaget Norgies. Gullet gjekk til Thyra, rekruttlandslaget i FS4 (female), med 204 poeng.

Thyra har eit nytt lagoppsett sidan i fjor, og består no av Arlene Kvarevål Storebø, Vilde Hansen, Christiane Wilhelmine Sørfjord Tuv og Ditta Valsdottir. Ditta kunne derimot ikkje stille under NM i vindtunnel, og difor vart Torstein Valen henta inn for denne konkurransen.

- Vi klarte å halde nivået vårt innandørs, og no blir det spennande å sjå korleis det går utandørs, fortel Thyra.

Sjølv om sterke lag, som landslaget Agera, mangla i konkurransen, er gleda over sigeren stor.

- Vi vann endeleg gull!

Gjestelaget Norgies fekk flest poeng totalt (244), men kunne ikkje vinne medalje i NM sidan eitt av lagmedlemmene er frå Nederland.

VFS2: Mange nye VFS-spirer

I VFS2 var det små marginar i toppen. Dennis Barstad og Steffi Ziwei med laget Bubs vann med 94 poeng, framfor Flytribe Virvelvind og C-Side Pelican.

- Veldig nøgd med Steffi, som har lagt ned mykje tid i å bli flink, fortel Dennis om lagkameraten sin.

Steffi skildrar samarbeidet slik:

- Konklusjonen er vel at taktikken fungerte. Dennis gjer som han får beskjed om, og så går det visst ganske bra.

Dei minnest spesielt siste runde, som var ei rein head-up-runde.

- Vi leikar eigentleg ikkje head-up, så heile greia vart berre komisk. Det vart ikkje så mange poeng, men vi hadde begge latterkrampe nesten heile runden.

Likevel heldt det til gull.

IMG 2719Steffi Ziwei og Dennis Barstad flaug inn til gull i VFS2. Foto: Privat.

VFS4: Offisielt NM igjen

Tre lag stilte i VFS4, noko som gjorde at det igjen kunne kårast ein offisiell norsk meister i disiplinen, for første gong sidan 2018.

Gullet gjekk til VossVind Vortex frå Voss Kroppsfykarlag, med dei erfarne VFS-utøvarane Barton Hardie, Elisabeth Vikum Viken, Kenny André Soldal og Lene Sæle. Trass i lang tunnelerfaring hadde ikkje laget trent saman før konkurransen.

- Vi vart betre utover i konkurransen, noko som nok reflekterer at dei færraste av oss har tilbrakt tid i tunnelen det siste året.

Den største utfordringa for laget viste seg ikkje å vere flyginga, men hugsen. Etter å ha gått eit hopp feil utan å oppdage det før rett før runden starta, og forvirringar knytt til å vere opp ned, lova Lene å spandere øl dersom laget hugsa heile sekvensen.

Vinnarlaget fortel at dei dessverre ikkje har konkrete planar vidare, anna enn at dei ser fram til å bli knuste av Virvelvind-jentene i 2027. Det relativt ferske laget Virvelvind tok sølv og imponerte både gullvinnarane, andre deltakarar og publikum.

At Thyra Pelican og stilte, gjorde at klassen kunne gjennomførast som eit offisielt NM.

DSC 8494VossVind Vortex tok gull i VFS4 under NM i vindtunnelflyging. Foto: Helena Canzler.

Freefly: Far og dotter øvst på pallen

I Freefly Intermediate var konkurransen svært jamn. Berre 2,34 poeng skilde første og siste plass. Gullet gjekk til Junior & Jurassic, med Emma og Christian Eek-Jensen, frå Tønsberg Fallskjermklubb.

- Vi er veldig overraska over at det til slutt var oss to som stod på pallen.

Den største utfordringa for laget var vektforskjellen mellom lagmedlemmene. Christian veg nesten dobbelt så mykje som Emma, men dette løyste dei med eit blybelte.

Det vart og nokre små utstyrsutfordringar undervegs. Emma oppdaga at ho hadde gløymt å byte sko akkurat idet dei skulle starte tunnelen før siste runde. Heldigvis rakk ho å springe ut og byte.

- Det hadde neppe blitt gull om ho hadde forsøkt å fly med UGGs i siste runde.

DSC 8514Far og dotter på toppen av pallen. Foto: Helena Canzler.

Freestyle: Ønskjer fleire utøvarar

I Freestyle Intermediate stilte to utøvarar, Emma Eek-Jensen og Ludvig Øisang.

Emma tok sigeren, og håpar fleire vil prøve seg framover.

- Eg skulle ønske at endå fleire deltok i Freestyle slik at vi kunne hatt eit gyldig meisterskap, fortel ho.

Emma deltok i fleire andre disiplinar gjennom helga, noko som gjorde det utfordrande å skifte fokus mellom rundane. Målet hennar er å halde fram med å utvikle seg i Freestyle, lære seg det som skal til for å konkurrere i Open og delta i Windgames i 2027.

DSC 8502Dei to deltakarane i Freestyle Intermediate, Emma Eek-Jensen og Ludvig Øisang. Foto: Helena Canzler.

D2W: Internasjonal konkurranse

I Dynamic 2-way var konkurransen open med lag frå fleire land. Sigeren gjekk til Omar Barranco og Mario Fernandez med det tyske laget Kaeli.

Barton Hardie og Marius Sotberg tok beste norske plassering med andreplass, etterfølgt av Vebjørn Lien og Petter Norbye på tredje.

Barton fortel at han eigentleg ikkje hadde planlagt å konkurrere i dynamic, men fekk moglegheita til å fly saman med Marius under meisterskapet. Marius hadde heller ikkje flydd sidan i sommar, men hang likevel godt med gjennom rundane.

DSC 8529Pallen i D2W. To norske lag tok medalje. Foto: Helena Canzler.

Ei vellukka NM-helg

Med over 50 lag og 100 deltakarar fordelt på sju disiplinar vart helga tettpakka med god stemning, sunt konkurranseinstinkt og god lagånd.

Christiane frå Thyra og Virvelvind trekkjer spesielt fram innsatsen bak arrangementet.

- Delphine var heilt rå som klarte å organisere og arrangere NM med så mange deltakarar og disiplinar. Ho fortener verkeleg mykje ros for den gode jobben ho gjorde, og at ho gjorde det heile med eit smil.

DSC 7707Mellom rundane øvde laga på hoppene utanfor tunnelen. Foto: Helena Canzler.

Neste konkurranse hjå VossVind blir NM i IPS (Indoor Para Skydiving) 25.-26. juni.