Pass the Pullup: Ronny Holen

I denne runden av Pass the Pullup kan du lese hvorfor Ronny måtte kjøpe seg ny PC etter et innhopp.

Publisert

RONNY HOLEN

Alder: 49
Kursår: 1997
Antall hopp: 2500
Lisenser: Trenger kun C og DM2
Favoritthopp: Belly Bigway med fleire intrikate formasjonar
Favorittklubb: Fornyar i Tønsberg, på prøvetid i Bodø med favorittklubben er nok Pink Klatovy

Hvordan startet din fallskjermkarriere?

Eg hugsar fortsatt telefonen frå ein kompis i militæret som spurte om me skulle begynne å hoppe fallskjerm. Dette hadde eg ikkje tenkt på tidlegare, men etter 3 sekunder så var det som ei brikke i livet falt på plass for meg. Kompisen min hadde prøvd linehopp på Lesja, og meinte at AFF var tingen. Dette var heilt nytt i Noreg, så me måtte reise til Sverige. I frå Sogn til Stockholm er det ca 1000 km, så våren 1997 vart det 8000 km i bil før me hadde svenske papir. For å kunne hoppe i Noreg måtte me konvertere, men sidan AFF var nytt og uglesett av mange, var det kun ein som var fleksibel nok til å hjelpe oss. Håvard Rognerud (rip) på Lesja konverterte oss, og sendte oss i lufta midt på natta. 

Hva liker du best med fallskjermhopping?

Det er mange aspekt som er bra med fallskjermhopping. Meistring av noko du prøver å bli betre på. Den euforiske lykka når ein landar etter eit komplisert hopp. Men mest av alt – ALLE DEI FANTASTISKE MENNESKA ein blir kjent med. Ein deler ein god hoppdag, et god mat og drikke, og litt tull og fanteri til seint på kveld. Så repeterer ein dette dagen etter. Derfor likar eg at hoppgruppa er av ein viss størrelse. Då er sjansen stor for at du finn ein skrulling som berikar livet ditt.

Hva hadde du gjort dersom du ikke hoppet fallskjerm?

Eg må innrømme at eg blir litt matt når eg tenker på alle dei kronene som eg har brukt på sporten, og alle feriedagane i snart 30 år. Eg likar å gå på toppturar på ski, og laussnø køyring, så eg trur eg ville blitt ein ganske flink skiboms om eg hadde valt det i staden for.

Om du kunne tatt med deg hvem som helst i verden på et fallskjermhopp, hvem ville det vært og hvorfor?

Eg trur eg ville valt Barack Obama for å høyre på hans erfaringar etter ein full dag med 36 manns formasjonar. Så kunne han ha haldt motivasjonstalene før me går i flya.

Hvor ville du hoppet inn dersom du kunne hoppet inn hvor du ville i verden?

Innhopp skal gjera deg litt redd. Så eg tykkjer nok dagens innhopp er litt for polerte og trygge. Gi meg fin utsikt, ein brief på ein serviett som inneheld dyr og/eller høgspent, og ikkje minst ein kasse øl på T'en, DÅ er eg med.

Hva er ditt beste fallskjermøyeblikk?

Det er så mange å ta av då dei fleste hopp eg gjer er kvalitetshopp. Eg har vore med på intrikate formasjonar som 100 manns outfacing diamond og verdsrekordar. Men eit minne frå ei helg i 2011 vil sitte livet ut. Eg er på jobb i Tyskland når Even ringer. Han har ein ledig slott på eit vilt innhopp prosjekt dagen etter. Så eg klarer å booke om flyet mitt til Oslo, tar nattoget til Voss, me tar av i ein 182, og hoppar ut over Loen i lånt utstyr. Der har nokon studentar frå Sogndal møtt opp med utstyret mitt, samt skiutstyret som dei skal bære opp på fjellet. Me selar opp, tar på oss skikle og skistøvlane, og me tar av i helikopter før me hopper ut over Skåla (1848 moh) Etter mykje feiring, og eit frieri, så køyrer me ski ned att til ein heidundrande fest på hotellet. Heilt magisk med så mange store kontraster på nokre få dagar. 

Hva er ditt pinligste fallskjermøyeblikk?

Også her er det sikkert mange å ta av. Eg har vel gjort nesten alle tabbane som ein kan gjere. Det som er interessant er at alle gjer feil, og eg legg ikkje skjul på det. Eg brukar det ofte i min coaching. Eg har sett dei største stjernene innan min greie gjera til dels store tabbar i frittfall. Då er det viktig at ein innrømmer dette, betaler med øl eller is, at ein lærer av det og går videre. Når ein nåverande verdsmeister i 8'er er ubrukeleg i backstep swing, så viser det at ingen er perfekte.

D100 event at Skydive Pink Klatovy.

Hvordan har holdningene dine endret seg gjennom fallskjermkarrieren din?

Tja, eg har jo litt lyst å behalde litt av dei gamle holdningene og hoppgleda eg er oppfostra på. Men ein blir jo eldre, og kanskje litt klokare. Eg slutta med 270 landingar før eg skada meg, og synes det er kult å ha upsizet i relativt ung alder. 

Hvem ser du opp til og hvorfor?

Eg kom til Voss i påsken i 1998 med 60-70 hopp i bagasjen, og møtte ein gjørmete byggeplass der det også vart gjort nokon hopp av og til. Den hjartevarmen eg møtte der var nesten overveldande. Utruleg flotte folk som bygde ein klubb og klubbhus frå ingenting med null i budsjett. Når det kom til hopping var det ein propell som drog lasset. Even drog igang 1000 mannser frå ein C-182, og når Caravan kom i tillegg så vart det forsøk på ennå større flak. Den ekte hoppgleda, intensiteten og pågangsmotet han hadde var heilt unikt. Det var gull verdt for meg dei første åra, og forma meg til den hopparen eg er i dag. Eg og Even er grunnleggande ueinig i veldig mykje, men at han er ein kjernekar som vil folk godt er det ingen tvil om.

Arild sitt spørsmål til deg: Ronny, kan du hvorfor du måtte kjøpe ny PC etter et innhopp på Vestlandet?

Dette var litt pinleg! Men når 3 ingeniørar og 2 i1'er meiner noko er ein god løysning, så skal ikkje eg nekte. Problemet var at me hadde planlagt ein hop 'n pop når piloten seier "eg har fuel nok til 8000 fot, vil du ha det" så svarer ryggmargen min "sjølvsagt, ekstra frittfall". Då blir reknestykket feil. Eg meinar fortsatt det burde fungert, men ingeniørane får prøve neste gong. 

Og IT sjefen på jobb redda hard disken og 300gb med fallskjermfilmar, så det ordna seg for snille gutar.

 Hvem sender du pullupen videre til?

Kanskje ein av Noregs største talent innan magehopping i Norge. Han er irriterande roleg og avslappa, med eit godt overblikk i lufta og tar alt på rutine. Men på kveldstid kjem ein annan person fram. Han har historiar som skulle fått han arrestert av både moralpolitiet og vanlig politi. Heldigvis for Stig Juvik er alle desse historiarne forelda, og dei fleste for grove for Frittfall. Men kanskje han vil fortelle litt om den gangen han rei ein elefant på eit sirkus ? 

Powered by Labrador CMS