Idrettslag kan søke på koronakrisepakke 3

Oppdatering fra Lotteri- og stiftelsestilsynet

Koronakrisepakke 3 for frivillige lag og organisasjonar er klar. Formålet med ordninga er å kompensere frivillige organisasjonar som har betydeleg inntektsbortfall frå arrangement eller anna spesifisert aktivitet, som følge av pålegg eller råd gitt av styresmaktene i samband med covid-19-utbrotet. Les forskrifta her.

Krisepakke 3 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. desember 2020. Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret. Søknadsfrist er 15. januar 2021.

Dersom arrangementet eller aktiviteten er heilt eller delvis gjennomført kan de søke om 70 prosent kompensasjon.

Dersom arrangementet eller aktiviteten er heilt avlyst, stengt eller utsett til 2021 og skulle vore arrangert frå 1.november til og med 31. desember kan de søke om 50 prosent kompensasjon. I perioden 12. mars til 1.november kan de få kompensert 70 prosent.

Her kan du laste ned oppdatert søkarliste.

Det kan søkast om:

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (til dømes tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarknad eller kioskinntekter).
  • Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (til dømes museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg).
  • Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, farty og andre rom og lokale).
  • Tapte inntekter som følge av at organisasjonen har mista oppdrag på grunn av at andre sitt arrangement eller anna spesifisert aktivitet er heilt eller delvis avlyst, stengt eller utsatt.
  • For anna spesifisert aktivitet kan det også søkast om kompensasjon for inntektsbortfall som har nær og naturlig tilknytning til tapte billett- og utleieinntekter.

Dette er ei tillitsbasert ordning. Søkarar pliktar å gi opp korrekte opplysningar. Dersom de er i tvil om kva ordninga kan kompensere må dette avklarast før søknaden blir sendt.

Sjå ofte stilte spørsmål og svar om krisepakke 3.

Eventuelle uklarheiter, spørsmål og merknader i søknaden vil krevje skjønnsmessige vurderingar som kan føre til at fleire får utsett utbetalinga av kompensasjon. Dersom organisasjonen er ueinig i innretninga av ordninga, må spørsmål rettast til Kulturdepartementet, som har fastsett regelverket på bakgrunn av Stortinget sitt vedtak. Det vil bli gjennomført etterhandskontroll, og uberettiga eller for høg kompensasjon kan heilt eller delvis krevjast tilbake.

Det kan søkes her:

https://lottstift.no/krisepakke-3-for-frivilligheita/

Søknadsfristen er 15. januar 2021.

Powered by Labrador CMS