Pass the Pullup: Even Rokne

I denne runden av Pass the Pullup får du møte innhoppskongen Even Rokne.

Publisert

EVEN ROKNE

Alder: 55 år
Kursår: 1988
Antall hopp: 9990
Lisenser: D/SL/AFF-I/Coach i Slovenia, USPA D/AFF-I/Coach, norsk B.
Favoritthopp: FS/Innhopp/AFF
Favorittklubb: Voss FSK

Hvordan startet din fallskjermkarriere?

Rastløyse med A4-liva førte kompisen min og meg forbi ein plakat med Info-møte om fallskjermhopping i august 1988. Nett ferdig med 13 års skulegang og endeleg klar for LIVET, vart det ei livsendrande oppleving å møte Anton Lahlum og Kjell Arild Horvei på Rondo Sportell. Dei viste "From Wings Came Flight" og då sekvensen med ei kvinneleg freestyle hoppar kom, brann det seg inn i hjernebarken og kom att i draumen på natta. Det sat berre fast i hovudet - dette, og Anton sin bodskap om at hopping ikkje var for alle, og at 80% slutta før dei fekk B-sert...

Eg turte jo sjølvsagt ikkje seie noko om dette heime, men klarte på eit vis å skrape saman dei 3500 kronene kurset kosta. Fyrst etter det var betalt og me hadde gjennomført fyrste kurskvelden, kunne eg glede foreldra mine med nyhenda... Dei spratt jo ikkje nett opp av lukke, men valde i staden å oppsøke Bømoen og snakke med instruktørane mine for å setje seg inn i kva dette var for noko, og slik altså dempe sin eigen uro...

Even & Bjørn på fallskjermkurs.

Dei neste 8 mnd fekk eg tre skjelsetjande erfaringar knytt til min eigen psyke og som la grobotnen for mi seinare interesse for det som skjer inni oss gjennom fallskjermhopping.
* 1 Stressterskel og stresstoleranse
* 2 Mindfuck
* 3 Tenke utanfor boksen med individuell tilpasning

* 1 Då fyrste hoppet mitt skulle gjerast (linehopp frå LN-ASB, ein Cessna 172) fekk eg full black-out frå "Gjer Klar! Still i døra!" til eg hang under skjerm! Eg oppdaga at eg trass i å kjenne meg klar og førebudd, tydelegvis var over stresstoleransen min (som eg seinare lærte om gjennom Selye's stressteori). Men samstundes kan eg endå hugse korleis eg ikkje var i tvil om at eg ville ha klart å trekke reserven, skulle den situasjonen ha oppstått... Dette var eit klart og tydeleg resultat av drill og overlæring under kurset, og demonstrerte for meg dermed nytteverdien og effekten av dette i høve handtering av stress.

Landinga gjekk bra, eg var som dei fleste stok'a etter hoppet. Likevel var det ikkje lett å kome seg opp att til hoppfeltet neste hoppdag; ein dag var det viktig rydding å gjere, ein annan dag var det noko anna som framstod som superviktig, t.d. telje teppene i huset vårt eller sortere kaffekoppar... Men Anton og Kjell Arild kom på døra vår og henta oss heime, og gav oss dermed ikkje noko val. Og slik gjekk ikkje lang tid før rollene vart bytt om, og det var me som drog rundt sundag morgon på instruktørjakt hjå ulike lokale kvinnemenneske.

Me vart ferdige med linehoppa og byrja på fritt fall denne hausten, og straks byrja problema mine med dreining (som førte til 15 underkjente hopp på rad). Fyrst seinare innsåg eg at denne stresstoleransen delvis var årsak til at eg ikkje fekk grep om problemet - eg var jo knapt medviten desse fyrste sekunda ut døra. Ikkje lenger black-out, men det føltes som hjernen stadig ikkje var skikkeleg med før etter nokre sekund etter exit.

* 2 Så kom vinteren og heilt fram til påsken 1989 før neste hoppet kom. Der fekk eg den andre store eigenerfaringa for å forstå psyken min og vår. Anton hadde nemleg snakka om korleis hjernen vår "produserte unnskyldningar" for ikkje å hoppe, og denne flotte påskedagen skjønte eg plutseleg kva han snakka om (og kvifor denne teppe-teljinga hausten før framstod som så superviktig..): Denne dagen var det nemleg heilt blå himmel, med unntak av ein liten skydott som hang ved Horndalsnuten (altså langt unna Bømoen). Likevel hugsar eg endå korleis eg tenkte då eg såg ut at "Nei, det er nok litt mykje skyer i dag, det vert nok ikkje hopping", som for å gje meg sjølv ei unnskyldning til ikkje å måtte dra på hoppfeltet. I same augneblinken innsåg eg kor irrasjonelt dette var og kjente att og forstod orda til Anton. Pusha meg difor til å setje meg i bilen og dra til Bømoen, og der tek eine foten den neste, og brått sit eg i flyet og kjenner ein gong til denne fantastiske Hoppgleda som ligg i botnen av aktiviteten vår.

Denne mindfuck-faktoren er kanskje det aller viktigaste elementet i dei beste Innhoppa eg har arrangert. Bruk av handteikna skisser eller modellbord i staden for foto eller googlemaps stimulerer fantasien, og ettersom me er skrudd saman for å vere på vakt mot farer vil hjernen vår som regel produsere eit verre scenario enn det som faktisk er tilfelle når fantasien får fritt spelerom, og ein føler difor ofte lettelse når ein til slutt gjennomfører innhoppet. Når ein trass i sterke kjensler om å trekke seg, likevel velgjer å gå i flyet (basert på sin fornuft eller gruppepress), vil ein som regel føle større spenning, høgare hjartefrekvens og meir adrenalin, som igjen gjer ein meir kapabel og motstandsdyktig.

Even tegner alltid istedenfor å bruke kart.

Ein opplever vanlegvis tre tydelige nivå av opplevd stress under innhoppa; (1) ein er før take-off, der hjernen hyperanalyserer om dette er noko for meg basert på infoen ein fekk på briefinga (2) neste er etter take-off før exit. mykje stress er no vekke, ettersom valet no er tatt, ein sit faktisk i flyet. Samstundes byrja perspektivet å opne seg og ein får ein visuell påminning under flyturen om her finst alternative landingsfelt. Adrenalinet er likevel høgt; det er endå mogeleg å trekke seg og ikkje hoppe ut. Ein veit at ein endå har sjansen til å sjå etter landingsfelt og alternativer frå flyet, så ein er årvåken og merksam (3) så hoppar ein ut og ein får den spenningsfylte kjensla av velbehag der luftmolekylane omsluttar deg i høg hastighet, ein er som regel ikkje lenger redd, no er ein i doer-modus med All Systems Go kva gjeld sanseapparat og merksemd. I dei fleste tilfelle får ein så ein slags uendelig ro når skjermen opnar seg, dette skjer normalt høgt, og alt vert stille medan ein no skal sjå om ting ser ut som forventa. Ein ser fort høgspentlinja og dei andre faremomenta som var peika ut under briefinga, og landingsfeltet som verka så lite på teikninga var jo i grunn ganske så stort. Alt stresset ein følte vert no omdanna til konsentrasjon og fokus. Eg ser stadig hopparar med lågt erfaringsnivå som viser impponerande prestasjonar, sjølv om her òg er nokre close-calls med folk som tester seg sjølv. Ein har gjennom denne metoden oppnådd ein særs god skadestatistikk.

* 3 Erfaring nr 3 var det Frode Johannessen som gav meg, nemleg å tenke utanfor boksen med individuell tilpasning. Eg sleit som sagt med dreining, og kunne ikkje forstå kva som var problemet eller kva eg skulle gjere med det. Og eg var kjemperedd for å ende i denne flatspinnen dei hadde snakka om på kurset. Til all lukke hadde Anton nemnt dette med 80% som ikkje vart hopparar, og dette gjorde meg frå starten innbitt på at eg skulle i alle fall ha B-sert før eg gav meg. Det var utan tvil dette som hjalp meg halde motet oppe gjennom denne vanskelege perioden.

Frode Johannessen framstod som alt anna enn varm og empatisk. Han var bodybuilder og dørvakt og ikkje ein eg hadde spesielt sympati for. Eg visste ikkje eingong han var hoppar, før eg plutseleg finn han som hoppmeisteren min i flyet. Men eg kan knapt skildre den tryggleiken han utstrålte og klarte overføre til meg. Dritnervøs og livredd etter lang vinterdvale var det nok med eit blikk frå han, og eg følte meg roleg og sikker. Etterkvart som han kom bort i problemet mitt med dreining, tok han meg opp til full høgde og sa "Hopp ut og prøv, og blir du redd, så trekk du berre". Eg skalv av nervøsitet når Cessna nærma seg heile 10 000 fot, men dette avviket frå progresjonsplanen gjorde susen!

Eg hoppa ut, fekk min sedvanlege rotasjon mot venstre, men lot det gå endå nokre sekund nedover i full fart mens eg prøvde ulike svingteknikkar som eg følte virka motsett av det dei skulle. Eg følte dreininga gjekk endå fortare og til slutt vart eg så redd at eg trakk (og vart altså hengande høgt, etter berre 10-15 sekund fritt fall). Men då eg prosesserte hoppet etterpå var det akkurat som eg plutseleg knakk koden - no hadde eg hatt mange fleire sekund der min eigen hjerne var fullt til stades. Eg starta jo hoppa mine med ein allereie innebygd svingteknikk for å motvirke dreininga mi - det var berre det at eg jo ikkje hadde nok fritt fall hastighet til at det kunne virke. Og innen farta kom tilstrekkeleg opp, låg eg allereie med motsett sving som altså førte til denne dreininga som oppstod på kvart einaste hopp. (Etter denne erkjenninga venta eg nokre sekund før eg skulle byrje å svinge, og oppdaga no at det ikkje eingong var nødvendig - eg låg jo rett...).

Dette hoppet er framleis eitt av hoppa eg hugsar best, og eg gjekk i mange år og funderte på kvifor? Den overraskande utstrålinga av tryggleik i kombinasjon med noko eksepsjonelt og potensielt farleg (altså gå rett til full høgde med min frykt for flatspinn), men det var kanskje noko med den tilliten som vart gjeve til individuelle meg som sette slikt preg på akkurat dette hoppopplevinga. Seinare kunne eg sjå det rasjonelle og medvitne i det Frode gjorde - dei har jo diskutert seg imellom; dei ser at eg trekk sjølv på samtlege hopp, ingen problem med stabilitet eller trekk, dermed kan auka fritt fall gje meg litt meir tid for meg sjølv til å finne ut av det. Dette var før både AFF og vindtunnel, så det var rett og slett eit både kreativt og eg vil seie forsvarleg avvik frå gjeldande progresjonsplan. Og sjølvsagt basert på at dei (HM'ane) etterkvart var blitt godt kjent med meg som person.

Desse tre erfaringane var det som altså seinare danna basisen for Innhoppa.
(1) Me er individuelle high-sensation seekers som søker denne type utfordringar men det er kritisk å kjenne vår eigen stressterskel.
(2) Mind-fuck faktoren er faktisk eit verktøy som kan nyttast til å skape opplevingane både sterkare men òg tryggare
(3) Det å tenke utanfor boksen med individuelle tilpasningar kan stundom vere nett det som trengst for å løyse opp våre mentale knuter (sjølvsagt innanfor trygge rammer og der tett kjennskap til individet er ein føresetnad)

Hva liker du best med fallskjermhopping?

Hoppglede og Fallskjermmiljøet!

Hoppglede er den pure ur-gleda det er å berre hoppe ut av eit fly. Reaksjonene det gjev i kroppen, det å exit'e blir som å setje utfor ein bratt skibakke, men utan mogelegheiter til å stogge opp før ein er heilt i mål. Du må altså vere vaktsam heile tida, du tvingast til å vere i 'nuet', og du får umiddelbar tilbakemelding på det du gjer. For den pure hoppgleda speler det liten rolle kva type hopp du skal gjere, kva skjerm du skal fly eller om du hoppar åleine eller saman med nokon. Alle desse elementa er likevel viktige for den totale hoppopplevinga, då dei fungerer som eit krydder eller noko som set farge på hoppgleda.

Hoppglede og fallskjermmiljøet er viktig for Even.

Fallskjermmiljøet er spesielt i det at når du fyrst kjem inn i "bobla" (hoppfeltet), er det omtrent som om verda på utsida opphøyrer å eksistere (ikkje like sant i vår moderne smartphone-tid...). Det spelar ingen rolle kva du gjer på eller kor mykje du tener - det einaste som betyr noko er kor mange hopp du har eller kor dedikert du er til sporten... Fallskjermhopparar som type har vist seg å vere ein fascinerande art. Det har slått meg gjennom åra at samtlege hopparar som framleis hoppar etter nokre år (og som eg hatt høve til å gå i djupna med) utmerker seg på eitt eller anna vis; Spesielle livsval, særskilte evner eller yrkesval, eineståande meritter eller prestasjoner, eller rett og slett haldningar til livet og levemåte generelt. Gjennom åra har eg vore så heldig å få tilbringe tid med heile spekteret frå samfunnstoppar til dei mindre heldig stilte; frå professorar, forskarar, forretningsfolk og toppidrottsutøvarar til hippier, gangsterar, narkomane og folk som er falt utanfor samfunnet av ein eller annan grunn. Det er flott å sjå kva fallskjermhopping gjer for alle desse, anten dei nyttar hopping som supplement eller substitutt til livet deira. Dei som har forblitt i miljøet deler likevel alle fellesnemnaren i kjærleiken til fallskjermsporten og Hoppgleda.

Hva hadde du gjort dersom du ikke hoppet fallskjerm?

Fjellklatring. Ein herleg ekstremsport som gjev deg høve til å kjenne på eigne psykologiske grenser når du møter ulike utfordringar oppi fjellveggen. Og det skjer i stille tempo. I motsetjing til andre fartsfylte ekstremsportar der du må fullføre utan pause når du fyrst har sett i gang, kan du i fjellveggen stå i lang tid medan du kjenner på ja eller nei om du skal ta sats å prøve å nå dette grepet der oppe. Og skilnaden er enorm om du er sikra med topptau, eller sikringspunktet ligg nokre meter under deg; i fyrste tilfelle kan du lett gjere spranget, i siste kan det framstå som umogeleg. Igjen ein konsekvens av mindfuck-prosessane i hjernen din.

Om du kunne tatt med deg hvem som helst i verden på et fallskjermhopp, hvem ville det vært og hvorfor?

Jonas Gahr Støre, og brukt hoppgleda og fallskjermmiljøet som innspel til den avviste rusreformen. Gjeldande norsk narkotikapolitikk slår så forferdeleg feil ut for dei som har det vanskelegast i samfunnet vårt, og har m.a. ført Noreg på verdstoppen når det gjeld overdosedødsfall. Me har mykje sterke ressursar i fallskjermmiljøet vårt, og me har mykje både positiv og negativ erfaring innan rusrelaterte emner. Det er ikkje tvil om at brukt riktig, kan fallskjermaktiviteten potensielt gjere livet betre for mange. Aktivt og målretta samarbeid kan gje utsette grupper auka sjølvkjensle og sjølvtillit, meistring, aksept og inkludering, alt saman viktige faktorar som hjå mange har ført til tydeleg positive og varige endringer.

Hvor ville du hoppet inn dersom du kunne hoppet inn hvor du ville i verden?

Aldabra Atoll, ei verna UNESCO øygruppe i Seychellene 1150 km vest for hovudøya Mahè. Berre nokre hundre menneske får tilgang til området kvart år, og øygruppa er tilhaldsstad for omlag 900 arter som berre eksisterer der!

Aldabra.

Hva er ditt beste fallskjermøyeblikk?

Om ein ser vekk frå fyrste gongen me passerte 10000 hopp på ein sesong i Noreg (Æra 1996) eller Voss sin klubbrekord og NM-deltaking i 1997 eller dei mange høgdepunkta med Ekstremsportsveko, og ikkje minst dei utallige fantastiske Innhoppa eg har fått gjort i inn- og utland, er det nok likevel 400-manns verdsrekorden frå Thailand i 2006 som heng høgast.

Kjensla og energien som gjekk gjennom formasjonen då den vart komplett på ekstrahoppet på overtid, er rett og slett vanskeleg å skildre for utanforståande. Heile opplevinga frå den 5 Hercules store exit'en som Pål Bergan spotta, gjennom trafikkflyten i sektorar med diving og oppsett og docking, til den utrulege separasjonen med 400 hopparar i trygg avstand til kvarandre. Ikkje minst gruppeprosessane som gjekk føre seg under leiing av BJ Worth og sine sektorkapteinar, og som omdanna egoa til 550 sterke individualistar til eitt team. Ein fascinerande og minneverdig prestasjon, og på mange måtar ein av dei største idrottsprestasjonane gjennom tidene - nemleg å få alt til å klaffe for 400 personar samstundes og under stort press; her kan ingen loop ryke og alle oksygenslanger og deler må fungere, her kjem ising på visiret og uungåeleg kaos og kollisjoner i exiten...

Eg må jo sjølvsagt legge til at kvar einaste gong eg kan hjelpe ein elev til å knekke koden (gjerne ved hjelp av Frode-metoden), eller når eg ser smila og begeistringa til Innhopp-deltakarane etter landing, gjev det meg ny energi og minner meg om kvifor eg tek på meg alt dette stresset, arbeidet og ansvaret det er rundt organiseringa av slike hopp. 

Hva er ditt pinligste fallskjermøyeblikk?

40-manns på Æra 1991 eller noko sånt. Oddvar Eikeli organiserte ny Norgesrekord, og då dirtdiven skulle byrja på andre hoppet - alle står ute på landingsfeltet mens eg er på veg ut dit, så høyrer eg Oddvar seie: "men Even, du kan ta fri..." Ein ting er å bli øksa stille og roleg i eit hjørne, men den kjensla av ikkje vere god nok, ikkje bli inkludert og så bli sett i gapestokk med offentlig øksing gjorde vondt... (På den anna side var dette ein av dei medverkande faktorane til at eg då bestemte meg for å bli god nok til å kunne velge kva eg ville vere med på...)

Hvem ser du opp til og hvorfor?

Francesco Drosi, vår mann på Seychellene. Som innflytta tannteknikar til Seychellene for 20 år sidan, har han eigenhendig vridd og vrengt på byråkrater, militære, politikarar, forretningsfolk, media for å kome i mål med det han vil. Ein kan tenke seg at i det rikaste landet i Afrika (BNP pr innb) med berre 100 000 innbyggarar, er det kort veg til makta, men òg at makta er konkurranseutsett og krangla om av minst to subgrupperingar. Det er difor avgjerande kven du pleier og korleis du pleier kontaktane, og Francesco har vist seg som ein veritabel trollmann her. Eit utømeleg energinivå og evne til å slokke branner (mange av dei eigenskapte...) og ein fascinerande evne til å spele korta riktig, lande på beina og få gjennomslag for det han treng. Gjennom direktekontakt med dei to konkurrerande presidentane, det fulle og heile Luftfartstilsynet såvel som folk øvst på rangstiga i Forsvaret, har han så langt overvunne alle utfordringar og vansker me har støytt på under gjennomføring av Innhopp turane våre. Francesco er ein fascinerande mann å sjå i aksjon, og med ei av dei mest fargerike livshistoriane eg har møtt.

Endres spørsmål til deg: Ønsker å høre en eller annen selvvalgt historie fra "The innhopp project".

DER er det så mange å ta av at ein kan fylle ei bok, men ettersom Seychellene er det mest aktuelle prosjektet no, kan eg kan jo ta den om korleis me fekk fly på Seychellene:

Det viste seg at me fekk ein fiende då me byrja prosjektet på Seychellene. Ein av dei fyrste me hadde møte med då eg besøkte fyrste gong var ein annan hoppar. Han hadde no brukt 3 år på å prøve etablere eit hoppfelt på øyene, men var ennå ikkje i mål. Han var ikkje interessert i anna enn tandemhopping så me vart einige om å gjere kvar vår ting separat - eg skulle uansett berre ha i ei vekes arrangement. Men då Pedro Ferreira og Francesco Drosi gjekk saman om å opne hoppfelt, kom me sjølvsagt i konkurranse til denne hopparen, og då Francesco via sitt kontaktnett fekk alle løyver på plass ila nokre få månader, byrja denne personen med aktiv sabotasje.

Vakre omgivelser under innhopp på Seychellene.

Naturleg nok er han òg connecta rundt omkring, og mellom anna klarte han å legge så mykje hindringar i vegen at Twin Otteren me skulle nytte ikkje lenger vart godkjent for hopping grunna mangel på linefeste, og Cessna flyet som var innkjøpt ikkje heller ikkje godkjent. Dei måtte då kjøpe nytt EASA-sertifisert fly, og har så langt brukt over eit år på å få det godkjent. Han dreiv med aktiv etterretning og undergraving om oss og det nye hoppfeltet. På eit tidspunkt kom sjefen for Luftfartstilsynet på personleg inspeksjon, for å danne seg eit eige bilete ved å møte oss, og som han så uttalte: Eitt blikk var nok til å forstå at han dreiv med sludder. Han vart seinare avslørt i å ha betalt pengar under bordet for å hindre godkjenning av hoppfeltet.

Uansett, då Covid løsna grepet sitt og me skulle i gang med fyrste innhopp arrangementet i oktober 2021, står me utan fly, med deltakarane på veg. Igjen viser Francesco sine fantastiske eigenskaper. Han går til sjefane i Forsvaret og forhandlar fram ein avtale der me tek på oss å utdanne deira fyrste militære fallskjermavdeling, i byte mot at dei stiller sine Dornier 228 fly til disposisjon til arrangementa våre og eg får hovudansvaret for utdanninga basert på Innhopp prosjektet og AFF-skulen min frå Slovenia.

Neste hindring er manglande klarsignal frå Tilsynet for arrangementet. Dette viser seg òg vere bevisst trenering frå kontaktnettet til vår konkurrent. Francesco tek opp telefonen, ringer presidenten og dagen etter er alt på plass. Dermed enda flyproblemet som ein total life changer der plutseleg innhopp-arrangement går hand i hand med deira utforsking og trening som fallskjermsoldatar på Seychellene. Synergien er openbar, og me er totalt priviligert som får høve til å vere med heilt i front av dette. Alle som får vere med på innhopp arrangementet vil kunne ha noko å bidra med til soldatane i form av fallskjermerfaring og nye perspektiv, og ein sjølv sit att med ugløymelege inntrykk og opplevingar. Det er ein skarp situasjon der me må ta ansvar for oss sjølve, akkurat som me liker det.

Så dette opnar då dørene til 2024, der me som dei fyrste menneske nokon gong skal få hoppe fallskjerm over dei ytre øyene i det Indiske hav. 10-16 april går fyrste tur av stabelen, då med Poivre og Ile du Sud som høgdepunkt. Har du lyst å vere med? Her er endå ledige plassar, så sjekk ut www.innhopp.com.

Hvem sender du pullupen videre til?

Grete Viste.

Ditt spørsmål til neste Grete:

Det renner alltid ut gode historier frå deg, Grete, fortel oss om ditt mest pinlege reiseøyeblikk.

Powered by Labrador CMS