Pass the pullup: Stig Juvik

Utelandingar under Demo på Sogndal Stadian og overraskande sirkusoppvisning i Florida. Les meir om Stig Juvik i denne runden av Pass the Pullup.

Publisert Sist oppdatert

STIG JUVIK

Alder: 62
Kursår: 1980
Antall hopp: 4500
Lisenser: D-DM2
Favoritt Hopp: FS8-16 er moro
Favorittklubb: Voss og Tønsberg

Korleis byrja din fallskjermkarriere?

Eg var på eit informasjonsmøte om ein nystarta fallskjermklubb på Voss der vi kunne ta kurs. Byrja på kurset i 1979, men gjorde mitt første hopp i 1980. Det var dårleg vær på Voss den helga, så vi tok hoppflyet til Orre i Stavanger og gjorde nokre hopp der. Kan trygt seia at eg var veldig nervøs på første hoppet. Rundkalott og greier.

Kva likar du best med fallskjermhopping?

Lidenskapen for fallskjerm har vore der lenge. Det å utvikle seg i fritt fall saman med andre har vore moro. I seinare år er det nok miljøet og folka rundt som drar meg med.

Kva hadde du gjort dersom du ikkje hoppa fallskjerm?

Eg er eigentleg takksam for at det blei fallskjermhopping. Kjem ikkje på noko anna som eg kunne tenkt meg. Hadde nok blitt med nokon på golf eller noko anna kjedeleg og hatt meir pengar på bok.

Om du kunne tatt med deg kven som helst i verda på eit fallskjermhopp, kven ville det vore og kvifor Kor ville du hoppa inn dersom du kunne hoppa inn kvar som helst i verda?

Slår dei to saman her og stel eit moment frå nokon andre: Då hadde eg fått Even til å arrangere eit innhopp på ei øde øy ein stad. Så hadde eg tatt med meg Vladimir Putin og blitt der lenge - kunne fortalt han ein sanning eller to.

Kva er ditt beste fallskjermøyeblikk?

Heilt klart perioden med P-91, landslaget i FS for ei stund sidan. FS-8 er moro og lærerikt når du trenar med same folka over tid. 80-talet med gamlegutta på Bømoen var ei flott tid. Det var fantastisk samhald i Voss Fallskjermklubb på den tida. Vi opplevde mykje saman. Dei siste åra synest eg turar med Ronny som organisator er flott.

Kva er ditt pinlegaste fallskjermøyeblikk?

Demo i Sogndal. Vi skulle lande på fotballbana der og var 5 stykker, men berre Anton kom inn. Vi andre landa utanfor. Eg landa på eit fabrikktak og knuste veggen på ventilasjonsanlegget og slo meg kraftig. Måtte klatre ned frå taket, blodig og flau medan publikum observerte det heile.

Elles har eg jo hatt endel pinlige episodar, men dei fleste om kvelden.

Korleis har haldningane dine endra seg gjennom fallskjermkarrieren din?

Det var mykje "Texas" på 80-talet med tanke reglar og paragrafar. Var jo ung og udødeleg den gong og fallskjermen var rolegare. Som familiefar og blitt eldre er merksemd rundt sikkerheit betre.

Kven ser du opp til og kvifor?

I grunn mange som har bidratt mykje for fallskjermhopping i Norge som for eksempel Eilif og Pål som drog i gang landslagsmodellen på 90-talet, Audun som bidrog til blant anna Basic camper den gongen. Dette lever fortsatt.

Ronny sitt spørsmål til deg: Kanskje han vil fortelje litt om den gongen han rei ein elefant på eit sirkus?

Hadde eigentleg gløymt litt den historien der men dette skjedde under landslagstrening i Deland. Ein del av gruppa drog til Flyplassbaren og åt litt. På veg heim såg vi eit sirkustelt og klarte å snike oss inn. Resten av gruppa sette seg ned for å sjå underhaldninga, men eg ville utforska på bakteltet litt. Der var det ei gruppe småskulebarn som skulle sitja på elefanten. Dei trong hjelp til eit av barna og eg meldte meg. Dei trudde nok eg var ein av lærarane. Dei andre i P-91 gruppa lurte på kor eg var blitt av, men stemninga var stor og jubelen stod i taket då eg kom inn i manesjen ridande på ein elefant.

Kven sender du pull-upen vidare til?

Må jo bli ein god turkamerat og fallskjermkompis Audun Wik. Han har bidratt enormt til fallskjerm Noreg med Frittfall, Basic, Tønsberg Fallskjermklubb og FS-satsinga.

Ditt spørsmål til Audun?

Audun kan jo utdype korleis han fekk tilnavnet "Dødsern" i P-91 landslagsperioden?

Powered by Labrador CMS