Noregs fyrste vindtunnel fyller 10 år.

VossVind fyller 10 år!

VossVind fyller 10 år og det skal feirast med fleire ulike arrangement utover veka.

Publisert Sist oppdatert

VossVind, Noregs fyrste vindtunnel fyller 10 år! VossVind vart etablert i november 2007 etter at gründeren Thomas Hårklau kom med ideen om å bygga ein vertikal vindtunnel på Voss. Den 28. april 2012 var vindtunnelen ferdigstilt og opna dørene for gjester. På dette tidspunktet var me den andre ISG-tunnelen i Europa og den fyrsten i Norden. Sidan den gong har me lært over 100 000 personar å fly, og me sitt igjen med utalde gode minner.

Med ein mjuk og behageleg luftstraum har proflyere frå heile verda tatt turen til (V)oss.

Voss Kroppsfykarlag, med Trude Sviggum i spissen, fekk innandørs kroppsflyging til å verta ei offisiell idrettsgrein i Noreg, og me har arrangert NM kvart år sidan då til og med 2021. I tillegg arrangerte me Nordisk Meisterskap i 2016, og EM i 2018, som det første FAI European Championship. Under Ekstremsportsveko har me og arrangert forskjellige konkurransar. No har konkurranseformatet gått frå å vera berre fokusert på dei aller mest profesjonelle, til å vera meir retta mot alle proflyere, der personar som har flydd litt og ynskjer å utvikla seg, også kan konkurrera.

No har VossVind 10 årsjubileum (veke 17) , og dette feirar me med forskjellige arrangement utover veka.

Luftig program hjå VossVind under feiringa.

Tysdag 26.04 Klubbkveld /Club night: https://fb.me/e/3BHNWwxyV

Klubbkvelden er eit coaching og skillbasert event med pizza og sosialt. Her får dykk garantert 10 min med coaching (2 og 2 stk flygarar på coach inni tunnelen, me hjelper dykk å finna ein god match om ynskjeleg), pizza og god stemning.

Pris 500 kr per person

Onsdag 27.04: Barnebursdag/ Kids party: https://fb.me/e/1cFN06GFF

Arrangementet for Kidsa! Her vert det flyging og kakefest! Kanskje ein overrasking eller to dukkar opp?

300 kr per person

Fredag 29.04: Spring Show: https://fb.me/e/1BjXqtPR5

Dette er ei førestilling kor me forvandlar vindtunnelen til ei scene. Her blir det eit program der fleira lokale talent får vist fram sitt eigekoreografert show. Billett: 50kr

Laurdag 30.04: Bursdagsfest proflyers / Birthday party proflyers: https://fb.me/e/4fzQeC1cl

10 års bursdagsfest for alle proflyere! For nokon fantastiske flygarar me har hatt og har innom oss - me er superheldige! Me håpar at dei vil koma og feira med oss, og inviterer til flyging, mat, kaker og DJ laurdag 30.april. Det vert huck jam med masse flyging utover kvelden, der me organiserer både low og high speed, slik at alle får fly.

Ein minnerik kveld med mykje flyging og mykje glede for berre 1000 kr per person.

Hugs å meld dykk på på førehand! Me sjåast!

Powered by Labrador CMS